Norsk English

Norske landskap - FJORDEN

Knud Knudsen var den fyrste fotografen som reiste omkring i heile Noreg og tok bilete. Han reiste i åra 1862 til 1900 og fotografia hans er blant dei aller tidlegaste som er tatt her i landet. Norske landskap er ei tredelt utstilling som syner breidden i Knudsen sine foto.

Knud Knudsen (1832 - 1915) var frå Odda i Hardanger og flytta som ung gut til slektningar i Bergen. Her etablerte han i 1864 ein av dei fyrste fotoforretningane i byen, og satsa særleg på landskapsfotografering retta mot den framveksande turistmarknaden. Fotografia hans er blant dei tidlegaste som er tatt her i landet. Nesten 10.000 originale glasplatenegativ er bevart etter Knud Knudsen. Arkivet etter han er ei av Norges viktigaste fotosamlingar, og finnast på Universitetsbiblioteket i Bergen.

Norske landskap er sjølve storsatsinga til Hardanger og Voss museum i 2016, og gjer publikum høve å sjå eit rekordstort utval med Knud Knudsen-foto. Idé, utval, utsnitt og design er ved Skule Eriksen og Lisbeth Dreyer. Dei har i fleire år arbeidd med fotosamlinga etter Knudsen, og laga både ein film, ei bok og denne utstillinga. I utvalet av fotografi har dei særleg lagt vekt på motiv som syner menneske i landskapet. Fotografia er forstørra opp til ein storleik dei ikkje har vore vist i tidlegare.

Fjorden - Hardanger folkemuseum, Utne
Knud Knudsen var ein av dei fyrste til å ta bilete av kvardagslivet i det norske fjordlandskapet. På heimgarden Tokheim ved Odda dyrka han frukt ved sida av å vera fotograf i Bergen. I Utstillinga kjem ein tett på menneska som budde i Hardanger, og fylgjer dei i kvardag og fest. Mest ser me dei i kvardagen, i kulturlandskapet,  i arbeidet.

Gjennom Knudsen sine fotografi kan ein sjå inn i ei anna tid. Ved å forstørre bileta og setta dei i seriar, kan me i endå større grad gå inn i fortida og oppleva landskap, byggeskikk og levemåte på nært hald. Omfanget av denne utstillinga gjer den til den største framsyninga av Knudsen sine fotografi nokonsinne.

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

Flere bilder

  • Foto: Knud Knudsen, Universitetet i Bergen. Ubb Kk 2127
  • Foto: Knud Knudsen, Universitetet i Bergen. Ubb Kk 1318
  • Foto: Knud Knudsen, Universitetet i Bergen. Ubb Kk 1318 (1)