Norsk English

Tidenes utstilling - av Granvin skule

Tordag 17. januar var 3. og 4. klasse ved Granvin i full sving her på museet. Dei registrerte leiker - og laga deretter Tidenes utstilling!

På utstillinga finn vi dette:

Barbiedokke som heiter Thea. Nokre månader gamal, kjøpt på Voss og av plastikk. Svart, rosa, turkis, lyseblå. lyserosa, glitter, lysegul, hudfarga.

Barbiedokke som heiter Aleksandra. Tre år gamal. Eigar fekk den til jul av tante Britt. Menneeskeform. Kvit, grå, gul, glitter, hudfarga, rosa, blå, svart.

Bamse som heiter Bambas. 8 år gamal. Bamseform og er kvit og svart. Bambas har sin eigen song laga av faster  Rannveig Djønne. Fekk han til dåpen av onkel Rolf-Tore.

Zhu Zhu puppys til å kose med. Heiter Fido og er eit halvt år. Laga av pels, skinn, plast og trå. Hundeform. Brun, svart, kvit og lysebrun. Eigar fekk han av besto og var sjølv med og kjøpte den på Voss.

Kosekatt som heiter Ronja og som snart er 7 år. Bomull og pelsstoff, katteform, grå, kvit svart og hudfarge. Egar fekk den då ho var 3 år.

Leikehund som heiter Lea. Av stoff og plastikk og til å kose med. Brun, svart kvit, rosa og grå. Fekk han av Iselin til 8 års dagen.

Jo-jo. 4 år gamal, er rund blå og kvit. Laga av plast, snor og metall. Eigar greier 50 opp og ned.

Bamse som er god å kosa med. Frå 2010. Mjuk liten kvit bjørn i stoff.

Vitsebok. Ca 1 år gamal. Av papir. Oransje, svart, kvit, blå, grønn, rosa og gul. Eigar vann boka i Norsk Barneblad på kryssordet. Begynte å lese i den for ca 8 månader sidan.

Beibleid. Frå 2011. Brukast til å spinne. Laga av metall, plastikk og er rund og blå.

Bok. 2,5 år. Frå Barnas kunnskapsbibliotek. Laga av tre. Lyseblå, mørkeblå, gull, grønn, rød, svart, kvit gul, rosa, ornasje, fiolett, lilla, gønn og gråturkis.

Lego til å bygga med. Eit halvt år gamal. Ukjent namn, av plast, firkanta og rund i alle fargar. Kjøpte den sjølv.

Ein kvit dingseboms som vi kan skyte opp i taket. Eitt år gamal og heiter Haribo. Av gummi, bøygd kvit og raud. Eigar fekk den til jul i fjor saman med eit gensar.

3dDS. 1 år gamal, av plast. Form, rektangel. Blå. Fekk den til jul i fjor.

Smykkeholder. 2 år gamal, av tre. Form som ein pinne, gul, blå, raud og grøn. Det er Mathias har laga den.

Donald blad. Frå 2011. Laga av tre. Kvit, blå, gul, rød, grå, lyse rosa. Eigar likar Donald og les når han skal sove.

Mobil Samsun galaxy. Av glas, metall og plast. Firkanta, svart og raud.

Jungeldyr til å leike med. Eit år gamle av gummi. Grøn, kvit, svart og brun.

Barbiedokke som heiter Britney Mey. Av plastikk. Eigar fekk henne når ho skulle til søskenbarnet Guro. Valgte den sjølv i ein leikebutikk. Når ho kom fram hoppa ho på trampoline så mista dokka handa si. Sidan har ho hatt henne utan ei hand.

Lego til å leike med som er eit år. Av plastik, firkanta, blå og brunoransje og grå.

Bamse til å kose med som heiter Emma. Av ull og forma som ein katt. Kvit grå svart blå og rosa. Eigar kjøte bamsen i Oslo.

Dokke som heiter Aoudien Wuly. Jenteform og laga av plastikk og stoff. Lilla,svart, brun, kvit, gull, glitter. Eigar kjøpte den i Bergen

 

 

 

 

 

 

Flere bilder

  • barbiedokker
  • Isbjørn
  • Bamsebjørn
  • Donald
  • Dokke, svart/lilla
  • Slange og krokodille
  • To på tur
  • Katt og bamse
  • Legofigurar
  • Dingseboms
  • 3DS, samsung galaxy, jo-jo
  • Vitskapsbok
  • Smykkehaldar og vitsebok
  • Tidenes utstilling