Jul på garden

Annankvart år i desember arrangerer Hardanger folkemuseum eit undervisningsopplegg om juletradisjonar.

Inga høgtid har ei så spanande historie og så mange tradisjonar knytt til seg som jula. Jula og juleførebuingane er for dei fleste av oss noko minnerikt og verdfullt. Alle har særskilde kjensler og tradisjonar knytte til adventstid og julefeiring.

Med segner og eventyr, baking, ljosstøyping, og kroting av vegger vert borna introdusert for nokre av førjulstradisjonane frå Hardanger.

Flere bilder

  • Gardskona Gudrun vert kjempeglad for å få hjelp med joleførebuingane.
  • Gardstausa Ingeborg tek borna med for å jaga bort Lussi.
  • Lussi, reis heim! Vonde makter vert jaga vekk frå tunet.
  • Nei, no har nissen vore og forsynt seg av jolebaksten!