Hardingfela

I samarbeid med felespelar Frank Henrik Rolland er det frå i år (2013) utvikla eit nytt opplegg for 3 -4 klasse.

Hardanger folkemusikksamling og Hardanger folkemuseum ynskjer å gjere elevane kjende med hardingfela som instrument, historia, kulturen og segner som er knytt til fela. Gjennom spel, song, og dramatisering skal dei lære å kjenne att hardingfela, og skilje ho frå andre instrument, både med tanke på lyd og utsjånad. Elevane skal få kjennskap til kjende spelemen, mytar og segner instrumentet er omspunne med.



Filer