Hardangersaumkurs 2018

Hardanger folkemuseum inviterar til helgekurs i hardangersaum 20. - 22. april og 28. - 30. september 2018. Kursa inkluderer både omvising, foredrag, besøk på tekstilmagasinet og overnatting på ærverdige Utne hotel.

Lær å sy hardangersaum slik me gjer det i Hardanger! Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som en del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. Hardanger folkemuseum arrangerer kurs i hardangersaum. Lat våre kurslærarar ta deg med til hardangersaumens arnested, og syna deg saumens løyndomar.

Kurs i hardangersaum inkluderer tre dagars kurs med omvisingar, foredrag, magasinbesøk, overnatting, frokost, lunsj og middag.

Tidspunkt
20. - 22. april 2018. Påmelding innan 30. mars 2018.

28. - 30. september 2018. Påmelding innan 15. september 2018.

Andre tidspunkt kan avtalast, me arrangerar kurs for grupper heile året.
Ved færre 5 påmeldte deltakarar kan kursa verta avlyste.

Prisar
Kurs med overnatting i dobbeltrom og fullpensjon 6.490,-
Enkeltromstillegg 1.190,-
inkluderar kursavgift, overnatting tre netter og alle måltid fredag til sundag.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.

Alternativ utan overnatting
Kurs dagtid og lunsj tre dagar 2.800,-

For meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 47 47 98 84/95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no

Filer

Flere bilder

  • Frå kurset på Hardanger folkemuseum 2012, Foto Margunn Sundfjord