Spennande ferjeminne frå Brakanes og Hauso skule

Som ein del av forskingsprosjektet «Hardangerbrua - allereie på museum» har Hardanger og Voss museum samarbeidd med skuleklassar om å samla inn ferjeminne. Onsdag 21. mars var 10. klasse ved Brakanes skule og 8. klasse ved Hauso skule på folkemuseet på Utne og presenterte utvalde resultat for kvarandre, interesserte bygdefolk og oppdragsgjevaren.

Avisa Hordaland var også på presentasjonen. I nettutgåva av avisa vart resultatet vist slik: http://www.avisa-hordaland.no/ung/article5990097.ece

Hardanger og Voss museum samarbeider mykje med skular og tilbyr undervisningsopplegg for ulike alderstrinn.

- Det er ein annan og spennande vri når elevane vert engasjert i innsamling av materiale om kva besteforeldre, foreldre eller andre kan fortelja om kva ferjene har hatt å seia for dei og livet deira. I eit langsiktig perspektiv er det svært interessert å få fram kva folk tenkjer om ferja og samferdsla i distriktet i ein periode med store omleggingar. Ut frå presentasjonane, som elevane og lærarane hadde ansvar for, ser det ut til at den delen av prosjektet har vore svært vellukka, seier formidlingsleiarane Helena Kjepso ved Hardanger folkemuseum og Oddvar Soldal ved Hardanger fartøyvernsenter som takkar lærarane Mona Rolland og Jan Helge Kibsgård ved Hauso skule og Olav Bergo ved Brakanes skule for godt samarbeid.

Elevane har gjort ein svært god jobb og me gler oss til å arbeida vidare med materialet som er innsamla, seier leiar ved museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter, Heidi Richardson, som også styrer forskingsprosjektet «Hardangerbrua -allereie på museum»

Ferjene vart ein viktig del av samferdsla på 1900-talet på Vestlandet, og dei er framleis ein del av kvardagslivet for somme av oss. Hardanger og Voss museum meiner det er på høg tid å setje fokus på kva ferjene har hatt å seia for folk flest, og for vestlandskulturen gjennom dei siste 80 - 90 åra. Difor ynskjer museet å få fram mangfaldet av erfaringar, opplevingar, tankar og kjensler knytt til ferjer.

Elevar i forskingsarbeid

Elevane sitt arbeid er ein del av forskingsprosjektet «Hardangerbrua - allereie på museum». Samarbeidet med elevane starta med dei kom til Hardanger fartøyvernsenter og såg biletspelet « Då sjøen var vegen» der Gunvald Wallevik som bur ved brufestet, er forteljar.. Elevane brukte også tid til å gjera seg kjend med ferja Folgefonn, bygd i 1938, som no er eigd av Hardanger og Voss museum og skal restaurerast..

Elevane har arbeidd i grupper og intervjua foreldre, besteforeldre eller andre som har noko å fortelja om kva ferjene har og har hatt å seia for dei. På den måten vert det bygt bruer mellom generasjonane ved å snakka om ferjeminne.

Etter kvart vil meir av det innsamla materialet og presentasjonane verta vist her.

Åshild Sorteberglien Ljones og Marta Lindvik i 10. klasse ved Brakanes skule hadde intervjua onkel til Åshild. Dei spelt inn opplesing med tonfylgje. Åshild les onkelen si forteljing og Marta spela slåtten «Sregagjelet» av Rannveig Djønne på hardingfele.

10. klasse ved Brakanes skule og 8. klasse ved Hauso skule har arbeidd med å samla inn ferjeminne. Resultata vart presentert med hjelp av digitale hjelpemiddel onsdag. Elevar og lærarar kan vera stolte av arbeida sine.

Heidi Richardson som leiar forskingsprosjektet «Hardangerbrua - allereie på museum», vil gjerne ha inn fleire ferjeminne. Ho ber dei som har noko å fortelja om å ta kontakt, bruk gjerne epost:

heidi.richardson@hvm.museum.no eller fartoyvern@hvm.museum.no .