Arkitektur og byggeskikk

Både Hardanger folkemuseum og Agatunet har ei stor samling med bygningar frå Hardanger frå perioden ca. 1250-1900 samla i typiske tun.

Tunet på Hardanger folkemuseum på Utne er eit rekonstruert klyngetun med hus samla frå ulike stader i regionen. Agatunet er eit heilt unikt autentisk tun frå før utskiftinga kring 1900. Begge stadene er ypparlege rammer for å lære noko om korleis arkitektur og byggeskikk har vore i Hardanger heilt frå mellomalderen og fram til ca. 1900. På ein praktisk og engasjerande måte ynskjer vi å formidle noko av all den kunnskapen vi har om dette temaet vidare til elevane. Både handverkarar, arkitekt og museumspedagog vil ta del i undervisninga.

Filer

Flere bilder

  • Kroting 1