På helsa laus

Stell av sjuke, fødande og nyfødte på 1800-talet er tema for utstillinga på Skredhaugen i år, der nærkoner og bygdeleger spela ei viktig rolle i Hardanger.  Men også statens forlenga arm; legar, jordmødre, prestar og lærarar, hadde meiningar om korleis folk skulle halde seg sunne og friske. Utstillinga er laga av Astrid Sekse.

Astrid Sekse er nyutdanna historikar frå Universitetet i Oslo, der ho undersøkte forholdet mellom folkeleg kunnskap og praksis sett opp mot bygdeelitens autorietet innan helsestell i Hardanger på 1800-talet.

Astrid fortel: "Utstillinga bygger på masteroppgåva mi "Spenningstilhøve mellom allmuge og bygdeelite i Indre Hardanger på 1800-talet". I oppgåva tek eg føre meg korleis folk i bygdesamfunna sine lokale problemløysingar med bygdelegar, nærkoner som tok i mot spedbarn og folkemedisinen som bygde på tradisjonar og røynsle.

Utetter 1800-talet kom modernisering og nasjonalsbyggjing kor det offentlege ynskte å byggja opp ei sunn og sterk befolkning. Folket skulle opplysast ved hjelp av aktørar som virka på lokalt plan. Desse aktørane var mellom anna legar, jordmødre samt lærarar og prestar. Eg har sett på korvidt denne bygdeeliten vart statens forlenga arm eller mellommenn mellom allmuge og stat.

I utstillinga har eg teke utgangspunkt i delar av oppgåva mi og fokusert på lokalt føde- og sjukestell. Kjeldemateriale mitt til dette er Halldor Opedal sine folkeminne som vonleg er ei representativ kjelde for folket sjølve. Eg har også vald å sjå på samtidas medisinske diskurs og særleg korleis tilhøva i Indre Hardanger vert sett gjennom distriktslegane sine auge."

Oppgåva til Astrid var støtta med stipend frå Hardanger og Voss museum.