Ingunn van Etten

Besøk sommarutstillinga Ingunn van Etten, måleri og skulptur i storsalen på Hardanger folkemuseum. Utstillinga står til 13. september 2015.

Når Hardanger folkemuseum no inviterer til ei utstilling med måleri og
skulptur av Ingunn van Etten, er det berre ein del av verksemda til den allsidige
kunstnaren som kjem til syne. Måleri, illustrasjonar og skulptur har
vore hennar uttrykksform sidan debuten i 1976. Ho har og mellom anna
skrive og illustrert to barnebøker basert på lokale segner.

På utstillinga er det måleri og nokre skulpturar som vert viste. Nokre få av verka er frå tidleg i karrieren, nokre fleire frå tida undervegs, dei aller fleste er frå dei
siste åra. Få er synt her tidlegare, og det meste er til sals. Alt inspirert av liv
og landskap.

Flere bilder

  • Ingunn van Etten, Den blå ballongen 60x70cm 2008
  • Ingunn van Etten, Må berre prøve 80x80cm 2013-2015
  • Ingunn van Etten,Blåse vind i segla 50x60cm 2012
  • Ingunn van Etten, Det må vere vegar mellom husa 30x30 2014-2015
  • Ingunn van Etten, Systrer 50x60cm 2013-2015
  • Ingunn van Etten, Det vert nok fint når hausten kjem 50x60cm 2012
  • Ingunn van Etten, Eg treng berre litt vind 25x25cm 2014-2015
  • Ingunn avn Etten, Finne fram 25x25cm 2014-2015
  • Ingunn van Etten, Skal me prøve 25x25cm 2014-2015