Norsk English

Krossen - symbol og dekor i folkekulturen

Jubileumsutstillinga Krossen - symbol og dekor i folkekulturen opnar 4. mai og vert ståande i nesten eit år.

Kva tydingar og bruk har krossen hatt i folkekulturen? Symbolet er av dei eldste ein kjenner til og brukt over heile verda. Ein finn krossen i det norske flagget - av kristne årsaker, og etter mønster frå andre nordiske kross -flagg.

Samstundes finn me ein utstrakt bruk av versjonar i folkekulturen: på bygningar,  brukt  som bumerke (signatur), på tekstilar, på instrument og på gjenstandar brukte i dagleglivet. Også dei versjonane som seinare vart negativt ladde: solkross og hakekross. 

Kvifor er symbola så verksame og viktige for folk? Kvar tydingar har dei hatt? Og kva skjer når grupper gjer symbola til sine og snur om på meining? Me ser krossar brukt som vern mot vonde makter,  for å fremje lukke, fruktbare forhold og som reine dekorelement. Utgangspunktet er materiale og gjenstandar frå Hardanger - med enkelte innslag frå Voss. Tidsmessig vert tyngdepunktet frå mellomalder til ca 1900, men med enkelte sprang tilbake til førkristen tid og fram til symbolbruk i dag.

Spennande arkeologiske innlån, Jåstadfela - verdas eldste hardingfele - kombinert med «nye» ukjent funn vert viste fram på utstillinga. Nokre av desse kan ein sjå for aller første gong i Hardanger!