Norsk English

Idé å kle - KristiAneVev 50 år

Kristi Skintveit feirar 50 år som utøvande vevar og kunsthandverkar. Jubileet tek til med ei utstillinga av eigenproduserte klede frå 60- og 70-talet på Hardanger folkemuseum.

Kristi Skintveit, f. 1942, kjem frå tidlegare Herdla kommune i Nordhordland og vaks opp ved Rosslandsvågen, som no ligg i Meland kommune. Ho gjekk over frå teoretisk til praktisk utdanning i 1959, 16 1/2 år gamal. Sidan tok ho kjolesaum og elementær veving i Bergen, samt biletvev og til slutt spesialpedagogikk i Oslo, men interesserte seg mest for ullstoff og mote, som ho valde som hovudoppgåva til eksamen våren 1964.

Ho fekk same året tilbod om å overta ei vevestove i Gamlebyen, Fredrikstad. Dette freista, ho fekk hjelp med finansieringa, og tilsette vevar med praksis frå ei anna velrenommert vevestove. Ho starta i august 1964, og vart medlem av organisasjonen PLUS. I 1969 flytta ho verksemda til Son. Sidan arbeidde ho som industriell formgivar og lærar. Skintveit har hatt vevestove på Vestlandet sidan 1977, og flytta til Jondal i Hardanger i 1997.
 
I Hardanger har ho for det meste arbeidd med tepper, men i jubileumsåret vert kleda frå 1960 og 70-talet, med sesongvise kolleksjonar, henta fram. Tittelen IDE Å KLE - handvevde klesplagg, er ei forkorting av "Ideer blir stoffer blir klær" som utstillinga i Forum i Oslo heitte. Den førte til den skandinaviske designprisen, Lunningprisen, i 1967.

Prisen vart ei "fjør i hatten" og førte til deltaking på ei stor fellesutstilling med tidlegare vinnarar i Den Permanente i København, motevisning saman med finske Vuokko, og opning ved Dronning Margrethe. Den førte også til studiereise i Østen, med verdsutstillinga Ekspo70 i Japan som mål. Midt på 1980-talet arrangerte dei nordiske kunstindustrimusea vandreutstillinga The Lunning Prize, og nokre av verka hennar vart innkjøpt.

Hovudgeskjeft fram til 1990-tallet var veving av stoff til klede, best kjente er vevnadene i rutete dobbel toskaft, til kåper og drakter, med enkeltvevd tilbehør.
 
Utstillinga inneheld kledemodellar og målsaum frå 1965 - 1979 og klede i primærsnitt frå 1980-tallet. Moteteiknaren hennar på denne tida var for det meste Badi Batchelor som no har adresse Son. Kleda vart produsert av KristiAneVev i Gamlebyen, Fredrikstad. Skintveit stod for stoff og vidare framstilling ved å leiga Badi Batchelor som moteteiknar og Else Carla Andersen, Else Carla Snitt, som modellør og syerske. Else var spesialutdanna i København og eit unikum til å modellera handvevde stoff. Else kallar seg Jeanine Hegelund i dag og bur i Fredrikstad.
 
Forutan utstillinga på Hardanger folkemuseum vert jubileet markert på Handverksmessa i Jondal, 27. - 29. juni og med hovudutstilling i Galleri PULS, Norheimsund, 30. august - 27. september.

Kode 1 / Vestlandske Kunstindustrimuseum, Bergen, har den største samlinga av klede frå KristiAneVev, Nasjonalmuseet, avdeling design og arkitektur, Oslo, har også fleire verk.
 

Filer

Flere bilder

  • Kåpe produsert av KristiAneVev i Gamlebyen, Fredrikstad i 1967. Kristi Skintveit stod for stoff og vidare framstilling ved å leiga Badi Batchelor som moteteiknar og Else Carla Andersen, Else Carla Snitt, som modellør og syerske.
  • Denne kåpa finst no i samlinga til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Trondheim.
  • Kristi Skintveit stiller ut eigenproduserte klede frå 60- og 70-talet. Denne kjolen er frå 1967 og vart kjøpt inn til eit museum i USA.