Norsk English

Ei fele fortel ti historier

Hardingfela slik me aldri har sett ho før. Elleve unike foto, signert Morten Golimo lokkar fram eventyret og visdomen. Slik kan ein forstå fotoutstillinga Ei fele fortel ti historier som står på Hardanger folkemuseum

Sommaren 2012 var fotograf Morten Golimo invitert til å vera festivalkunstnar for Hardanger Musikkfest. Som ein del av førebuingane til utstillinga vitja Golimo feleutstillinga på Hardanger folkemuseum, og tok nokre fantastiske foto av ei 128 år gamal fele. Fotoa og fela er no utstilt på loftet på Hardanger folkemuseum, i lokala der konsertscena held til. Fela er laga i Telemark av den kjende felemakaren Gunnar Helland, og er eit sjeldant vakkert instrument.

Morten Golimo er fotograf, videokunstnar og historiefortellar. Om utstillinga seier han:
- Ikkje visste eg at ei 128 år gamal fele kunne fortelja meg noko om monstermaster, Nøkken, Fossekallen, SoriaMoria slott og døden. Tre gongar måtte eg låna fela før eg klarte å knekka koden og sjå kor mykje som bur av visdom og eventyr i ei hardingfele. Dei fyrste forsøka vart ikkje gode nok, og Morten Krogvold som var min mentor sa til meg; "dette er berre ein dokumentar av ei fele, fordi du let motivet koma i vegen for fotografiet. Bruk lyset, for p.... og jobb meir!". Så jobba eg meir. Så lot eg lyset virka. Og plutseleg kom historiene til syne. Eg er glad for å kunna dela dei med andre.