Norsk English

Transformations - Britt Boutros Ghali

Det er med stor glede museet ønskjer den norsk/egyptiske kunstnaren Britt Boutros Ghali velkomen til å vere vår sesongutstillar.

Allreie som 21. åring hadde Boutros Ghali si første separatutstilling i Paris. Utanom Frankrike har ho stillt ut i England, Tyskland Spania, USA, Sveits og Egypt. Britt Boutros Ghali vert rekna som ein abstakt kunstnar. I 1996 vart ho tildelt St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kunst. Dei siste 37 åra har Britt budd i fargerike omgjevnader i Kairo.

Årets utstilling på Hardanger folkemuseum er kopla opp mot stemmerettsjubileet 2013. Kunstnaren fortel korleis portretta vart laga med tanke på å styrke (empower) kvinner si rolle i Midtausten. Av dei abstrakte bilete er dei fleste måla i tida rundt revolusjonen i Egypt. Nokre er heilt nye, medan andre er viste på utstillingar i Midtausten og i USA, mellom anna Women of my world, Kairo 2009.

Tanken med denne utstillinga er å dra vekslar på endring -  i dagens Midtausten - og for norske kvinner då dei fekk stemmerett i 1913. Den arabiske våren gav håp for mange grupper  - resultatet er likevel høgst uvisst. Ikkje minst med tanke på kvinners framtidige stilling i regionen.

Utstillinga vart opna av leiar i stemmerettskomiteen, Kirsti Kolle Grøndahl, som og var Norges fyrste kvinnelege stortingspresident.

Flere bilder

  • Dame: grønn
  • Britt Boutros Ghali, untitled 2
  • Britt Boutros Ghali, untitled 5
  • Britt Boutros Ghali, untitled 4
  • Kunstnaren sitt showroom på Nilen