Soft Walls Hard Work

Årets sommarutstilling viser tekstilar - bearbeidd og forma med ulike teknikkar - i den tidlegare røykstova på Skredhaugen, Lofthus.

Kunstnaren bak arbeida - Cato Løland -  starta si kunstutdanninga i 2001 på Kunstskolen i Bergen.  Han fortsette seinare på KHIB Avdeling for fotografi og i 2009 gjekk han ut med MA in Fine Art ved same skule. Cato Løland har jobba mykje med tekstile arbeid.  Tekstilane er påførde bleikemiddel for å viske bort og synleggjere det underliggande. Noko blir tilført, ikkje for å bygge opp men for å bryte ned. Det handlar altså om ein forringing meir enn om ein tradisjonell addisjonsprosess. Ved å utnytte potensialet i det som oppstår ved denne ,til tider langsame, kjemiske prossessen tek arbeida form.

Ulike teknikkar og påføringsmetodar med referansar til både maleriske, tekstile og fotorelaterte tradisjoner bygger opp dei spennande arbeida.

I samband med opninga laurdag 14. juni vert det minikonsert med felespelar Frank Henrik Rolland og kafè ved Skredhaugens vener. Velkomen alle!