Lars Utne 150 år

Allereie i 1931 vart skulptursamlinga etter bilethoggaren Lars Utne (1862 - 1922) gjeven til Hardanger folkemuseum av enkja hans. Samlinga omfattar eit 50 talls gips og bronsefigurar og er største enkeltsamlinga av arbeid etter Utne.

24. november i år er det 150 år sidan Lars Utne vart fødd på her på Utne. I høve jubileet har museet funnet fram store delar av samlinga etter Utne, og presentert dei i ei utstilling i dei nye lokala på loftet.

Lars Utne hadde sitt virke rundt forrige århundreskifte. Han starta si utdanning på treskjerarskulen hjå Lars Kinsarvik, fortsette på teikneskule i Oslo før han flytta til København og Berlin. Utne samarbeidde tett med Henrik Bull som var av dei leiande arkitektane i tida og hadde utsmykkingsoppdrag på Nasjonaltheateret, Norges Bank, Kunstindustrimuseet og Historisk museum. Utne sitt mest kjende verk elles er bronsefiguren Gutten med beltet.

 

 

Flere bilder

  • Fritjov Nansen. Bronseskulptur av Lars Utne. 1897
  • Guten med beltet er eit av Lars Utnes mest kjende verk, her utførd i bronse Foto: Silje Solvi