Holland i Hardanger

Fellesutstilling med 9 nederlanske kunstnarar som jobbar og/eller bur i Hardanger.

Hardangerdistriktet har til alle tider inspirert kunstnarar. Framleis er det ein attraktiv stad for både nordmenn - og andre. Mellom dei ei gruppe kunstnarar frå Nederland. I 2007 inviterte Kvam herad nokre kunstnarar til å kome å bu her. Andre kunstnarar kom i periodar for å verte inspirerte av det fantastiske landskapet. Mange av desse arbeider i dag i Kunstnarhuset Messen i Ålvik.

Nederland har ein rik og lang tradisjon innan kunstfeltet. Velkjende målarar frå den gyldne tidsalderen og fram til no har vore frå landet. I tillegg er nederlandsk design kjend over heile verda. Så kan ein sprørje seg: kvifor vert nettopp desse kunstnarane dregne mot Hardanger ?

I tett folka Nederland finnst det nesten ikkje urørd natur att. Ovanfrå ser landskapet ut som eit lappeteppe av kunstig inndela symmetriske jordlappar. 

Naturen i Hardanger står i motsetnad til dette. Den verkar overveldande med fjorden, fjella, skyene, og alt i kontinuerleg endring. Dette påverkar dei nederlandske kunstnarane i måten dei tilnærmar seg naturen. På eit vis vert kunsten deira slik ein refleksjonav både Hardanger og Nederland. I Nederland er det den stille og storslegne norske naturen som har appell. I Hardanger på den andre sida, vert ein kanskje overraska av måten deira omgjevnader vert utforma av kunstnarane frå Holland som har heilt ulike referanserammer.

Kunstnarane som deltek på utstillinga er: Rosé de Beer og Sjaak Langenberg, Paul Dikker, Els Geelen, Judith de Haan, Simone Hooymans, Felieke van der Leest, Hans Pulles og Wim van den Toorn.

Opning vert v/ ordførar i Kvam Asbjørn Tolo musikk ved Edyta Bryk.

BOKDAG

Etter opning og musikk fortset programmet med bokdag i kafeen. Enkelte bøker vert presentert nærare: i år vert det Send meg eit brev frå Hardanger v/ Arne Eriksen, Stølar i Granvinsfjella v/Torbjørn Seim og Prost Niels Hertzberg Liv og gjerning v/ Oddmund Hus. Hus vil og sei nokre ord om forfattar av boka Sjur Sekse som gjekk bort i haust. Sekse har i mange år bidrege til lokalhistoriske arbeid og ikkje minst til museet si avdeling på Skredhaugen.

Tekstil interessert kan gle seg over at dei etterspurde bøkene til Gudrun StulandHol- og svartsaumogHardangersaumendeleg er trykte på nytt og klare til bokdagen.

Utvalet spenner frå lokalhistorisk litteratur;Odda i manns minne, Gamalt frå Ulvik og årboka til Hardanger historielag, til nye utgjevingar av Hardangerforfattarar. Hardangerbokdagen er den største mønstringa av ny litteratur og nye tidsskrift om eller frå Hardanger. I alt rundt 40 titlar å velje mellom.

Dagen er naturlegvis eit glimrande høve for alle bokinteressert til å finne flotte julegåver til seg sjølv eller til andre.

Kafé med heimebakst!