Norsk English

Fotograf Anders P. Wallevik

Den kjende fotografen Anders Paulson Wallevik etterlot seg ei fotosamling på mellom tre og fire tusen glasplater, for det meste fotograferte mellom 1905 og 1940. 24. november opnar utstillinga om Wallevik sit liv og virke.  

Anders Paulsson Wallevik (1874-1965) var odelsguten frå Hardanger som vart fotopioner og visuell historieforteljar av nasjonal rang. Utstillinga fortel om hendingar og tilstandar frå ei tid då fjorden framleis var vegen for mange, om livet på sjø og land, om kommunikasjon og om handelssamband fra Vestlandet og heilt opp til det nørste nord. Wallevik kjende mange av sine fotoobjekt - han var både deltaker og tilskodar. Dette gir bileta ofte eit svært personleg uttrykk.

Museet overtok ansvaret for den unike fotosamlinga i 1992. Sidan den tid har mykje arbeid blitt lagt ned i sikring av materialet, innhenting av informasjon om bileta og digitalisering. Pr i dag ligg alle foto på Digitalt museum. Samlinga er utan tvil vår mest etterspurde. Ekstra gledeleg er det at det i år kjem ut med ei bok om fotografen Anders P. Wallevik, og utstillinga vert laga med utgangspunkt i boka og fotosamlinga. Forfattaren av boka, Elisabeth Vallevik Engelstad, ønskjer å plassere Wallevik som fotograf - teknisk, kunstnarisk og historisk. Utstillinga vil omfatte foto frå alle deler av Wallevik sitt fotoliv.

 

Flere bilder

  • Jonsokbrudlaup. Foto: Anders P. Wallevik
  • Eplehausting. Foto: Anders P. Wallevik
  • Gerd Wallevik. Foto: Anders P. Wallevik
  • Klypping av frukttre. Foto: Anders P. Wallevik
  • Lagring. Foto: Anders P. Wallevik
  • Brudlaup. Foto: Anders P. Wallevik
  • Foto: Anders P. Wallevik