Bragd

Sommarutstillinga i storsalen dette året er åkleutstillinga Bragd. Utstillinga er laga i tett samarbeid med vevar og kunsthandverkar Kristi Skintveit.

Tekstil er eit av hovudsatsingsområda for Hardanger folkemuseum, og med årets utstilling lyfter me fram ein av dei verkelig gamle tekstile framstillingsteknikkane. Utstillinga tek for seg dei fleste sider ved framstilling og bruk av åkle, frå handsaming av ulla til åkle vert vevd på oppstadvev og flatvev. Det vert og fokus på endring i bruk og på symbolikk. Utstillinga vil egna seg godt til undervisningsopplegg.

Kristi Skintveit har drive vevstova KristiAneVev i snart 50 år. Medan ho på 60- og 70- talet arbeidde mest med stoff til klede har ho dei siste åra konsentrert seg om åkle. På opningsdagen 6. mai vart det lansering av boka Åklebragder frå Jondal og kring Folgefonna av Skintveit.

 

Flere bilder

  • Eldre båtrye frå Sørfjorden. Foto: Kristi Skinntveit
  • Hardangeråkle. Mikjel Aksnes - Kvam Bygdemuseum. Foto: Olav Bjørkum
  • Kristi Skinntveit med eit nappaåkle frå Jondal. Foto: Leif Johnsen