Norsk English

Bjølvefossen på vranga

Sundag 9. september opna utstillinga Bjølvefossen på vranga på Hardanger folkemuseum. Biletkunstnar Hilde Katrine Kjepso står bak utstillinga som har henta motiv og tema frå industribygda Ålvik.

Kjepso er biletkunstnar med utdanning frå Bergen og Kent. Ho arbeider mest med akryl på lerret, og er opptatt av urbane bymiljø og industristader. Bileta framstår som samtidige i formen, er fargesterke, ekspressive og musikalske. Ho er og opptatt av symbolkse bygninger og stader. Motiva er omgjevnadane på Bjølvefossen, frå piper og tak til nært innpå detaljar som brytara og lyspærer.

Kjepso fortel: -Eg har vore i Ålvik kvart einaste år sidan eg blei fødd. Bjølvefossen med sine piper og mystiske røyk har alltid låge og ulma i bakgrunnen av mine paradisiske somrar på garden Kjepso i Ålvik. Fleire av slektningane mine kom og gjekk til og frå garden om somrane - ofte til merkelege tider. Dei jobba på Bjølvefossen. Uttrykk som 'krommen', 'blåsen' og 'fesien' var dagleg kost. Sjølv kom eg aldri lenger enn til Porten.

Kva skjulte seg på denne plassen, denne verda i bygda eg ikkje hadde tilgang til? For ikkje lenge sidan fekk eg ordna meg forbi porten, og denne utstillinga er resultatet av det eg opplevde og såg der inne.

Det var først og fremst omgivelsene på fabrikkområdet som fascinerte meg. Dei store monumentale byggverka, plassert i skarp kontrast til den 'nasjonalromantiske' naturen. Industriarkitekturen smelter saman med vestlandsnaturen. Ikkje minst var det dei små detaljane eg synes var interessante, dei som fortel noko om kvardagen på industriplassen, før og no. Produksjonsutstyret, maskinane og skilta. Dei forlatne bygningane og romma. Og sist men ikkje minst dei vêrbitne fargane og dei vakre formene.

Flere bilder

  • Foto: Hilde Katrine Kjepso
  • Fabrikkpiper. Foto: Hilde Katrine Kjepso