Lars Petter Røsberg

Sundag 11. september opna jubileumsutstillar og biletkunstnar Lars Petter Røsberg utstilling på Hardanger folkemuseum. Motiva på dei vakre akvarellane er henta frå stader kring fjorden, bygningar, bygningsmiljø og kulturlandskap. Utstillinga står til 6. november.

 

Lars Petter Røsberg er født i Trondheim 1951. Han er utdanna ved SHKS og Statens Kunstakademi, Oslo. Han studerte måleri under Professor Alf Jørgen Aas og Knut Rose, grafikk under Arne Malmedal og Guttorm Guttormsgaard og skulptur ved Boge Berg og Carl Nesjar.

-Eg har jobba med fleire teknikkar og motiv. I løpet av dei tre siste åra har eg laga akvarellar, hatt to separatutstillingar, deltatt i nokre kollektivutstillingar og ei gruppeutstilling der motiva har vore av by, bygningar og landskap, fortel Røsberg.

I 2010 deltok Røsberg på ei gruppeutstilling i Agatunet, og vart spurt om å halda separatutstilling i samband med 100 års jubileet på Hardanger folkemuseum i 2011. Til denne utstillinga har ideen vore å laga ein serie måleri av stader, bygningar og busetnad i miljø og kulturlandskap. Bileta, som alle er akvarellar, er laga i løpet av 2010 og 2011.

-Eg har og laga akvarellar frå sjølve museet, som har teke vare på flotte eksemplarer av norsk byggekunst. Naturen i Hardanger utgjør eit rikhaldig materiale for ein biletkunstnar. Det er nok å ta av, og det har vore masse motiv å velja mellom. Noko av utfordringa har vore å gje identitet til kvart bilete. Grønt og blått vert fort dominerande farger i bilete med mykje natur, og kan lett gjenta seg frå bilete til bilete. Eg gjer min tolking av det, og lagar ulike stemninger med fargebruk, fortel Røsberg.

-Mange av bileta er sett frå sjøsida. I Hardanger kjem ein ikkje unna sjøen og fjorden. Den er ein viktig del av det ein ser, og det dannar seg ofte vakre vasspegel når vatnet er stille. Det har vore intressant å få med noko av dette i enkelte av bileta, seier Røsberg som gler seg til å syna bileta til publikum sundag 12. sepember.

Flere bilder

  • Utsikt over Utne, Lars Petter Røsberg
  • Kirka på Lofthus, Lars Petter Røsberg
  • Fabrikk ved natt, Lars Petter Røsberg