Hardanger i 100

Jubileumsutstillinga på Hardanger folkemuseum syner verk av kunstnarar som har skildra Hardanger og kunstnarar som kjem herifrå.

Hardanger folkemuseum vil i si jubileumsutstilling "Hardanger i 100" syne verk av kunstnarar som har skildra Hardanger. Hovudvekta er lagt på kunstverka frå dei siste 100 åra sjølv om enkelte eldre verk også er med. Det er ei stor glede å kunne vise nasjonalikonet Bjerk i storm, dei første vekene av utstillingsperioden. Museet sin eigen Tidemann, portrettet av felespelar Erich Vasenden, har fått plass i folkemusikkutstillinga. Hardangerregionen har dessuten fostra markante bilethoggara som har sin naturlege plass i ei slik utstilling.

Som ei motvekt vil denne utstillinga i tilegg visa nokre av dagens kunstnarar frå Hardanger som har reist ut for å hente inspirasjon. I dag er det dei store byane som har størst tiltrekningskraft for kunstnarane. For å gjere ei avgrensing har vi valt ut dei biletkunstnarane som har budd i Hardangerrådet si kunstnarleilighet i Berlin i 2009 og 2010.

Utstillinga er utforma i samarbeid med Hardingpuls og Kabuso.

Flere bilder

  • Bjerk i storm måla av J.C Dahl. Foto: Werner Zellien. Eigar: Bergen Kunstmuseum.
  • Anna-Eva Bergman 1940. Foto: Oddmund Hus
  • Ragnar Grønsdal. Foto: O. Hus
  • Gerhard Munthe. Ullensvang 1891. Foto: Tore Damhaug
  • Gabriel Dahl. Fra Agatunet (1940 talet). Foto: O. Hus