Norsk English

Arv - smykkekunst av Reidun Breistig

Gullsmed og smykkedesigner Reidun Breistig er første utstillar i den nye loftsetasjen på Hardanger folkemuseum. Salsutstillinga opna 12. juni og står til 21. august.

Dronning Sonja ber hennar smykker - ho er langt frå ålene. Gullsmed Reidun Breistig er ikkje hyppig frampå med reklamestunts eller marknadsføring. Likevel går det unna. Så langt har det handla mest om nøgde kundar og velklingande jungeltelegraf.

Tittelen på utstillinga er ARV. Den viser til korleis smykker i seg sjølv ofte er gjenstander som går i arv. Dei ber med seg minner og historiar som gjev ein tilleggsverdi og slik er ein kjendslemessig arv. Samstundes så er gullsmedyrket eit av dei eldste handverka i verda - det er likeins ein arv som er verdt å ta vare på.

På utstillinga vil både heilt nye produkter og redesign verte presentert. Redesign betyr at ein nyttar feks gamalt bestikk til andre produkt som ringer, anheng og armbånd. Mange kjem i dag til gullsmeden for å få reparert, sett i stand, eller smelta om for eksempel gullet til nye gjenstander.

Mange har eit forhold til smykka til Reidun Breistig etter at ho hadde smykkeverkstad på Lofthus i fleire år. No er ho attende i Hardanger med salsutstillinga ARV.

Flere bilder

  • Ringer, Reidun Breistig
  • Ringer, Reidun Breistig