Jonsokbrudlaup

I Hardanger kan skikken med at born leikar brudlaupsfeiring på jonsokaftan sporast tilbake til tidleg på 1800 talet. Tradisjonen er i høgste grad levande også i dag, med markeringar i alle deler av regionen.

Utstillinga syner tradisjonane knytt til jonsokbrudlaup gjennom tidene; vakre bruredrakter i miniatyr, opptog, mat, musikk og dans. Ikkje minst vil publikum kunne sjå eit fantastisk utval av nær 50 kruner frå heile Hardanger.

Utstillinga er utforma i samarbeid med Anne Lutro og vil stå til 22. august 2010.

 

 

 

 

Flere bilder