Norsk English

Tone Aanderaa Encounters

Tone Aanderaa hadde si debututstilling i Noreg på Hardanger folkemuseum i 1989. Sundag 3. mai markerar ho 20 års jubileum med ei flott salsutstilling på same stad.

Aanderaa har pendla ei stund mellom Hardanger og Belgia, og medan ho planla ny utstilling på Hardanger folkemuseum, fekk ho ein tanke om å invitera gjester; kunstnarar ho har vorte kjend med, som ho ville dela si begeistring for, og som ho ynskte skulle få oppleva Hardanger. Resultatet er 'Tone Aanderaa Encounters...' m/gjester frå Belgia - som vert å sjå på Hardanger folkemuseum 3. mai - 23. august 2009

Kunstnarane ho har invitert er den spanande papirkunstnaren Ingrid Siliakus frå Nederland, og fire kunstnarar frå Belgia; Anne-Marie Weyers, Laura Frennet, Paul Leroy og 'hyper-pointillisten' Marc.

"Min egen opplevelse av nye impulser, et annet kunstnerisk miljø, kultur, historie og landskap, ble noe jeg hadde lyst å dele - at også andre skulle få oppleve. Kunstnerisk utveksling og samarbeid mellom Belgia og Norge ble en naturlig fortsettelse."

Flere bilder

  • Store planar, Tone Aanderaa
  • Plakat til utstillinga Tone Aanderaa Encuonters
  • Belgisk triptyck, Tone Aanderaa
  • Frå utstillinga Tone Aanderaa Encounters, foto: Elisabeth Emmerhoff
  • Frå utstillinga Tone Aanderaa Encounters, foto: Elisabeth Emmerhoff