Arne Bakke Mælen

I storsalen på Hardanger folkemuseum opnar Arne Bakke Mælen ei ny salsutstilling med trearbeid.

Alle prydgjenstandane er handlaga og det vil difor ikkje finnast nokon som er like. Kunstnaren held til i Hardanger kulturgalleri på garden Mælen ved Jondal i Hordaland. Garden ligg vakkert til ved Hardangerfjorden. Plassen og omgjevnadane gjev kunstnaren både materiale og inspirasjon til utforming av kunstverka sine. Salsutstillinga vil stå til 31. desember 2009.

Flere bilder

  • Arne Bakke Mælen 1
  • Arne Bakke Mælen 2
  • Arne Bakke Mælen 3