Skredhaugen

På Skredhaugen finn ein privatsamlinga etter kunstnaren Bernhard Greve og kona hans Ingrid. Ein finn òg ei stor samling norsk biletkunst etter læraren og forfattaren Jon Bleie.

Bernhard Greve (1886-1962) var ein allsidig kunstnar. I unge år studerte han målarkunst under mellom anna Harriet Backer og Henri Matisse. Men det var som glasmålar han vann størst ry. Greve kjøpte Skredhaugen i 1918. Hit flytta han i åra frametter fleire gamle hus frå ulike gardar i Sørfjorden. Desse vart fylte med gamalt innbu, med reiskapar, bruksting og prydting som Greve samla i distriktet. Greve lukkast i å skapa eit levande kunst- og kulturhistorisk museum.

Samstundes var Skredhaugen ein sjarmerande sommarbustad for Grevefamilien. Det var hit Greve søkte etter lange og slitsame studiereiser rundt om i Europa. Her fann han ro og inspirasjon til kunstnargjerninga si.

Jon Bleie (1904-1981) sette djupe spor etter seg i kulturlivet i Hardanger. Gjennom eit langt liv bygde han opp ei stor privat samling med norsk kunst og kunstlitteratur som han testamenterte til Ullensvang herad. På Skredhaugen kan ein gjera seg kjend med kunstnarar og kunstverk som gledde og inspirerte Jon Bleie, mellom dei Henrik Sørensen, Harald Kihle og Theodor Kittelsen.

Flere bilder

  • Sesongopning kring Jonsoktid
  • Hels på våre trivelege geitekje
  • Hels på våre trivelege geitekje
  • Seksestova
  • Utsyn frå Skredhaugen mot Velurenuten
  • Kvalnesstova og Kvalnesbua
  • Bymotiv, måla av Bernhard Greve
  • Akt, måla av Bernhard Greve
  • Kunstsamlinga etter Jon Bleie
  • Karveskurd
  • Skautaskrin måla av Gunnar Arnfinnson Årekol
  • Kjenge måla av Gunnar Arnfinnson Årekol