Norsk English


Hardanger folkemusikksamling er eit regionalt arkiv for folkemusikk i Hardanger. I samlinga fins det omlag 8000 enkeltkutt med folkemusikkopptak, samt video-opptak med folkedans.

Samlinga yter mellom anna tenester som gjeld:
- kopi av lydband
- utlån av dansevideoar
- utlån/kopi av bilete tilknytt folkemusikk og folkedans
- utlån/kopi av folkemusikklitteratur
- informasjon om folkemusikk

Hardanger folkemusikksamling er eit samarbeidstiltak mellom Hardanger Spelemannslag, Hardanger folkemuseum, Spelemannslaget Kvemmingen og Hordaland Ungdomslag. Samlinga vart skipa i 1984 etter vedtak i dei fire organisasjonane.

To av fylkesmusikarane i Hordaland er tilsett i 25% stilling Hardanger folkemuseum, der mykje av arbeidet deira er knytt til folkemusikksamlinga.

Flere bilder

  • Langeleik, foto: Elisabeth Emmerhoff
  • Hardingfele 1, foto: Elisabeth Emmerhoff
  • Hardingfele 2, foto. Elisabeth Emmerhoff
  • Hardingfele 3, foto. Elisabeth Emmerhoff