Råd om vedlikehald av vindauge

Vindauge er eit særs synleg element i eit hus, og er knytt til bygningen sin opphavlege byggeperiode og utrykk. Uheldige erstatningar kan øydelegge heile inntrykket av eit elles godt vedlikehaldne hus.

Vindauge står utsett til. Dei skal beskytte mot vær og vind, væte og kulde. Frå innsida kjem fukt frå den varme innelufta som slår seg ned som kondens på den kalde glasruta. Dei mest utsette partiane kan bli utsett for råte, og med forsømt vedlikehald elles kan dette føre til at vindauge vert skifta ut. I tillegg er ynskje om varmeisolerande vindauge med på å framskynde ei utskifting av alle vindauge i ein bygning sjølv om det ikkje er naudsamt. I Hardangerregionen vert mange gamle bustadhus nytta som feriehus. Eit hus som berre er i bruk i sommerhalvåret treng ikkje isolerglas. Eit alternativ til isolerglas er å sette på innvendige varerammer eller nye rammer kobla til dei gamle, samt montering av tettelister. Ein oppnår då ein god isolasjon mot kulde og støy. Ein bør også sjå etter om det er tilstrekkelig tett mellom vinduskarm og vegg.

Skader på vindauge kan ofte begrense seg til nedre del av karm og ramme. Ein kan felle inn et nytt trestykke, eller skifte ut rammens utsatte partier som ofte er bunnstykke. Viktig å bruke al eller kjerneved. Ein kan prøve om treverket er friskt ved å stikke ein kniv i det. Kommer kniven berre eit par millimeter inn er treverket friskt.

Råd:

-        Ikkje skift vindauge dersom deler av ramme er råte, skift heller ut råte deler.

-        Kopier form og profiler ved utskifting.

-        Sett på varevindauge eller koble nye rammer på dei gamle.

-        Sjekk om dytting mellom vinduskarm og vegg er tilstrekkelig.

-        Ikkje skrap av heile målingslaget, berre laus måling.

-        Gamalt målingslag viser til tidlegare fargebruk fargenyansar.

Litt historie om vindauge i Hardanger:

I Hardanger begynte folk å sette vindauge i husa sine på 1800-talet. Blyglasvindauge var først i bruk, og dei ble sett inn i røykstover og i bua. På den tida budde folk flest i røykstover, men nokre få velståande familiar budde i større tohøgda hus der det var vindauge. Dei første som sette inn vindauge i husa nytta blyglasvindauge. Etterkvart utover 1800-talet sette dei inn vindauge med to rammer og små rutar. På utsida av veggen hadde dei ei lem dei trakk framføre vindauget om kvelden. Lenge klarte ein berre å framstille glas i små stykker, og det er bakgrunnen for blyglasvindauge og smårutete vindauge. I byer begynte velstående folk å sette inn vindauge i husa sine allereie på 1400-talet. I Hardanger veit me at sorenskriveren hadde vindauge i huset sitt tidleg på 1700-talet.

Dei første vanlege folk som sette inn vindauge i husa sine blei utsett for misunnelse. Ein historie er om ein mann i Granvin som gjekk omveier om sin eldre bror sitt stovehus då broren hadde sett inn eit vindauge i huset sitt. I bygdeboken les me om denne mannen som var ein av dei første som skar hol i veggen og sette inn glas. Dette gjorde han allereie på slutten av 1700-talet, så han var tidleg ute. Slik er det skildra: Yngstebroren hans var so vond på dette glaset at han gjekk oppe under urdane når han skulle forbi brorsgarden, for å slippe å sjå det nye glaset.

Etterkvart på slutten av 1800-talet hadde alle i Hardanger vindauge, enten dei budde i dei gamle stovene sine eller i nye hus. Utskiftinga av tuna sette fart i nybygginga, og folk bygde bustadhus i to høgder og sette inn vindauge. Dei som framleis budde i eit klyngetun, og dei som hørte til det bruket som sto att i tunet, bygde også om på husa.

1800-talet var eit epokeskifte for arkitektur og byggeskikk.

Flere bilder