Hardanger folkemuseum krotar Tronesstova til jonsok

I Hardanger og store delar av Vestlandet har det vore tradisjon å krota stovene til jonsok. Med knust kritt blanda i surmjølk målar ein mønster på veggane. Sjå alle bileta frå krotinga!

Dekorasjonsformen som kallast kroting har vore særs utbreidd, men diverre er det lite att av originalt krot. Hardanger folkemuseum har saman med kunsthstorikar, biletkunstnar og krotekone Johild Meland fått i stand eit prosjekt der me krotar opp att fleire av husa i museumstunet.

Kroting er kunst som er lite varig. Målinga er ein blanding av knust kritt og surmjølk som påførast veggen med fingrane. - Det var vanleg at kvinnfolka krota stovene sine ved solsnu, altså til jonsok og før jol, men og når det var storhendingar på garden slik som brudlaup, fortel Meland som nett har levert masteroppgåva si i kunsthistorie der ho utforskar emnet. Kroting høyrer heime i røyk-og årestover der soten la seg på veggane og dekka over dei fine mønstra etter ganske kort tid.

I Tronesstova på Hardanger folkemuseum rekonstruerar me eit mønster frå Helleland i Ullensvang. Me har teikingar av delar av ein bord som vart avteikna og skildra på 40-talet av Aslaug Arnoldus frå Norsk Folkemuseum. Utfordringane og spørsmåla er mange, knytt til kvaliteten på målinga, påføringsteknikk, estetisk ideal og symbolikk. Stor takk til Hordaland fylkeskommune som har gjeve økonomisk støtte til dette prosjektet.

Flere bilder

  • Tronesstova før krotinga tek til. Alt av inventar er rydda vekk.
  • Korleis vaska dei før dei krota? Nokre stader vaska me med oskelut, nokre stader med grønsåpa og nokre  berre med vatn.
  • Etter to dagar med øving målast fyrste streken på veggen.
  • Krotekone Johild Meland krittar opp delar av mønsteret.
  • Tronesstova på Hardanger folkemuseum vert krota til jonsok.
  • Omlag halvvegs i den fyrste borden.
  • Krotekone Johild Meland leverte nyleg masteroppgåve i kunsthistorie om kroting. Denne dekorasjonsformen var svært vanleg på vestlandet, men det er diverre ikkje mykje originalt krot som er bevart for ettertida.
  • Muruspjeld, laga for å halda mara unna huset. Mara kan gje vonde draumar, mareritt, men ho er ikkje særleg god til å telja. Når ho får auga på muruspjeldet og vil telja alle rutene og prikkane vert ho forvirra, gjev opp og dreg heim att!
  • Geometriske figurar går att i folkekunsten i Hardanger, også i kroting. Her skal det krotast åttebladroser.
  • Åttebladroser målt med ei blanding av knust kritt og surmjølk.
  • Delar av borden.
  • Nokre stader er delar av krotinga skildra som raud og grøn. Me eksprimenterte med knust teglstein og blåleire for å få rette fargen.
  • Knust teglstein og litt leire gjev ein fin raudfarge.
  • Kroting er kvinnfolkarbeid. Her er Anke Puck, Anne Lise Brask Eriksen og Agnete Sivertsen i gang med å rekonstruera eit krota mønster frå Helleland i Sørfjorden.
  • Direktør Trude Hoflandsdal Letnes ville og vera med å krota. Her saman med Anne Lise Brask Eriksen, Helena Kjepso og Johild Meland.
  • Torill Måkestad krotar muruspjeld.
  • Mathilde Reinsnos krotar sikksakkbord.
  • Birgit Eiken krotar i Tronesstova.
  • Mange var innom for å høyra og sjå, og dei ville gjerne prøva litt og.
  • Den fyrste borden tek form.
  • Slik vart det. Stokken over døra er ferdig krota.
  • Røykomn med krota vegg.
  • Siste hand på gavlveggen. No kan jonsoknatta kome.
  • Til jonsok var det skikk å pynta med blomar. Her har me laga mågestang over dei nykrota veggane.
  • Jonsoklunsj i Tronesstova på Hardanger folkemuseum, med mågestang og nykrota veggar.