Avdelingsleiar ved Hardanger folkemuseum og Agatunet

Hardanger og Voss museum søkjer avdelingsleiar - vikariat, 100% stilling frå 01.02.19 - 01.02.2020, ved Hardanger folkemuseum og Agatunet.

Stiftinga Hardanger og Voss museum vart etablert 17. januar 2006. Museet sin visjon er å gje besøkande gode opplevingar å bryna seg på. Satsingsområdet er å ivareta den immaterielle kulturarven innan utvalde tradisjonsfag og at publikum skal læra gjennom å gjera. Museet har avdelingane Hardanger folkemuseum, Agatunet,  Hardanger fartøyvernsenter, Voss folkemuseum, Kunsthuset Kabuso, Ingebrigt Vik museum, Granvin bygdemuseum og Kvam bygdemuseum.

Hardanger folkemuseum er regionalt folkemuseum for dei sju kommunane i Hardanger. Museet vart etablert i 1911, og held til på Utne. Hardanger folkemuseum har avdelingar på Bu og Skredhaugen, og forvaltar det nasjonale kulturminnet Agatunet, eit freda klyngetun som husar den unike Lagmannsstova frå om lag år 1220. Viktige arbeidsområde er folkemusikk, tekstil, bygningsvern, fruktdyrkingshistorie og mellomalder.

 

Om stillinga:

Hovudoppgåver:

•    Fagleg og administrativt ansvar ved Hardanger folkemuseum, Agatunet, Bumuseet og Skredhaugen.
•    Budsjett- og personalansvar.
•    Fagleg ansvar for forvaltning av bygningsmasse og samlingar, formidlingsarbeid og utstillingar.
•    Gjennomføring av prosjekt og planar i samsvar med gjeldande rammer og styringsdokument.
 
Avdelingsleiar  rapporterer til direktør i Hardanger og Voss museum og inngår i leiargruppa for Hardanger og Voss museum. Det må påreknast noko reiseverksemd. Kontorstad er Hardanger folkemuseum, Utne.

Kvalifikasjonar:
•    Universitets- eller høgskuleutdanning innan relevante fag
•    Relevant erfaring frå museumsfagleg arbeid
•    Gode leiareigenskapar
•    God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Me søkjer ein strukturert og resultatorientert medarbeidar med gode fagkunnskapar.  Me vil og leggja vekt på erfaring frå museumsfagleg arbeid og personlege eigenskaper. Arbeidskvardagen ved museet er variert, og det er og viktig med fleksibilitet og gode samarbeidsevner.

Museet tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. Løn etter gjeldande regelverk.

Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å kontakta direktør Randi Bårtvedt,
mobil 97710397. Send søknad med CV og referansar til personal@hvm.museum.no
innan 10. januar 2019.