Utleige av brurebunad og kruner

Går du i giftetankar? Hardanger folkemuseum leiger ut tradisjonsrik brurebunad og fleire ulike sylvkruner.

Hardanger har rike draktradisjonar. Bruredrakta er annleis enn den vanlege kvinnebunaden. Ho har raud stakk med mykje pynt på og svart trøye. På trøya er det festa to livstykke med perler eller maljer på. Sylvbeltet ber ein fyrste gong som brur, likeins dalarkjedet kring halsen. Dei vakre brurekrunene har røter i Mariadyrkinga i mellomalderen.

Bruredrakta frå Hardanger folkemuseum kan tilpassast dei fleste størrelsar og fasongar. Ta kontakt for å avtala prøving på tlf 47 47 98 84 eller mail@hardanger.museum.no

Flere bilder

  • Brud, foto Laila Duran
  • Detalj av bruredrakt, foto Laila Duran
  • Detalj av bruredrakt, foto Laila Duran
  • Detalj av bruredrakt, foto Laila Duran
  • Brurekrune, foto Elisabeth Emmerhoff
  • Brurekrune, foto Elisabeth Emmerhoff
  • Brurekrune, foto Elisabeth Emmerhoff
  • Viing i tunet
  • Brudlaup i tunet