Norsk English

Vandreutstilling

Etnolog Anne Lutro har i samarbeid med Hardanger folkemuseum produsert ei vandreutstilling om Jonsokbrudlaup i Hardanger. Lutro har tidlegare skrive ei avhandling om emnet.

I Hardanger har tradisjonen der born står brur og brudgom på jonok stått særleg sterkt. Gjennom meir enn to hundre år har det i ulike grendelag blitt sydd eigne bruredrakter og laga kruner i miniatyr til bruk denne eine dagen i året.

Til utstillinga Jonsokbrudlaup følgjer dokumentasjon gjennom bilete og tekst frå feiringar i Hardanger det siste hundreåret. Videre eit opptog av bruredokker, 4 bruredrakter og 6 perlekruner der dei eldstre er frå slutten av 1800-talet. I tillegg følgjer andre typiske gjenstander som vart nytta under arrangementet, dekkety, instrument etc. Digitalt finn ein foto av 50 ulike brurekruner - alle med si særeigne utforming.

Interesserte museum/arkiv etc kan ta kontakt med Hardanger folkemuseum.

Flere bilder

  • Frå Granvin. Foto: Elisabeth Emmerhoff
  • Frå Lutro. Foto: Elisabeth Emmerhoff
  • Vines. Foto: Elisabeth Emmerhoff
  • Odda. Foto: Elisabeth Emmerhoff
  • Aksnes. Foto: Elisabeth Emmerhoff