Museumstunet

På høgda ovanfor muséet ligg eit idyllisk museumstun. Eit klyngjetun slik det kan ha sett ut før utskiftinga på slutten av 1800-talet er gjenskapt.

Berre to av husa stod opprinneleg på eigedomen, resten er flytta hit frå ulike stader i Hardanger. Husa er innreidd etter tidstypiske miljø slik dei kan ha sett ut då dei var i bruk.

Dei fleste av husa er opne for publikum. Her kan du kjenne på stemninga i årestova frå mellomalderen, sjå eldhuset, 1800- tals bustadhus og eit gamalt skulehus frå Djønno. Samla kan ein følgje viktige bygningshistoriske trekk gjennom 800 år i Hardanger.

I museumstunet finn ein óg frukthagen. Her fins fleire gamle eplesortar, pærer og moreller.

Ein annan attraksjon er DIKTARSTIEN. Kvart år vert det lagt ned ei ny dikttavle av og med ein kjend norsk forfattar.

Flere bilder