Lars Kinsarvik

Lars Trondsson Kinsarvik var treskjerar, skribent og spelemann. Han vert ofte kalla for skaparen av den norske stilen. På Hardanger folkemuseum har me utstilt fleire av trearbeida hans, stolar og kråskap.

Kinsarvik fekk stor innverknad på korleis norsk treskjerarkunst utvikla seg ved forrrige århundreskifte. Han var særleg inspirert av drakestilen og norrøn mytologi. Kinsarvik hadde mange utsmykkingsoppdrag, både i kyrkjer, turisthotell og kaffistover. Han var representert på fleire utstillingar både i Noreg og utlandet, mellom anna på verdsutstillinga i Paris i 1899. Frå same året vart han statsstipendiat. Interessant er det også at store skulptørar som Ingebrigt Vik og Lars Utne starta sin karriere som læregutar hjå Lars Kinsarvik.

I utstillinga finn ein mellom anna stolar, kråskap og ølbollar av kunstnaren.

Flere bilder

  • Lars Kinsarvik 1, foto: Laila Duran
  • Lars Kinsarvik 2, foto: Laila Duran