Verdssaum frå Hardanger

Gjennom 100 år har Hardanger folkemuseum samla, fått og kjøpt handarbeid utført i hardangersaum. Det er ei stor glede å kunne vise fram ei fleire hundre år lang hardangersaumhistorie, baserte på dette unike materialet.

Her kan du sjå forklebordet som vann pris under Verdsutstillinga i Paris i 1900 (av Brita Skåltveit frå Aga), det mest sirleg utførte draktmaterialet frå den tidlege bunadsfasen, over 200 år gamle skjorter frå folkedrakttida, saum på dukar, hardangersaum frå andre deler av verden mm. Vi følgjer hardangersaumen gjennom historia, frå renessansens reticella, folkedrakta, norsk prydsaum, til Europa att, til Amerika, Japan og Afrika.

Utstillinga er rikt illustert med bilete som alle er tekne av fotograf Silje Solvi.

Flere bilder

  • Hardangersaumduk, foto: Silje Solvi
  • Hardangersaum, foto: Silje Solvi
  • Forklebord i hardangersaum der ein har hatt forlite stoff og skøytt på meir, foto: Silje Solvi
  • Kaps med tettsaum på kragen og hardangersaum på bringelisten, foto: Silje Solvi
  • På 1900-talet vart det vanleg å nytta hardangersaum til innreiingstekstil som dukar, putevar og løparar, foto: Silje Solvi
  • Hardangersaum var ein av fleire typar kvitsaum som var nytta på dei tradisjonelle kleda frå Hardanger. Saumen vart kalla utskurdsaum, fordi ein nytta ein liten, kvass kniv til å skjæra ut dei kvadratiske hola i stoffet, foto: Silje Solvi
  • Detalj av gamal forklebord i hardangersaum. Saumen er sydd direkte i forkle, ikkje innfelt slik det er vanleg no, foto: Elisabeth Emmerhoff
  • Detalj av duk sydd i hardangersaum, foto: Elisabeth Emmerhoff
  • Hardangersaum vart introdusert for eit internasjonalt publikum under verdsutstillinga i Paris i 1900. Dette forkle sydd av Brita Skåltveit frå Aga i Hardanger vart utstilt og fekk diplom, foto: Elisabeth Emmerhoff
  • Hardangersaumduk, foto: Silje Solvi
  • Løpar i hardangersaum 5, foto: Silje Solvi