Hardangerbunaden

Eit viktig arbeidsområde for Hardanger folkemuseum er dokumentasjon av drakttradisjonane i Hardanger. I vår faste draktutstilling kan ein sjå eit stort utval av dei eksklusive samlingane våre, og korleis bunaden har utvikla seg frå lokal folkedrakt til nasjonalsymbol.

Så langt attende som til 1600-talet kledde folk på landsbygda seg i klede som var typiske for den staden dei budde på. Kleda skilte seg ut frå dei meir moteprega kleda som var nytta i byane og frå klede som var nytta i andre bygder. Elementa i draktskikken kom frå ulikt hald. Nokre plagg var ei vidareføring av klede som var brukt i mellomalderen, svært mange av plagga kom frå europeisk renessansemote, og nokre plagg var inspirert av andre stilretningar ute i verda. Men utforminga og samansettinga er lokal, og likeins skikkane knytt til kva som sømde seg til eit kvart høve. Folkedraktskikken omfatta alle kleda folk brukte, frå dei som nyfødde vart boren til dåpen og til dei døyde og vart gravlagde.

Kring 1880 tok den tradisjonelle folkedrakta i Hardanger til å gå ut av bruk. Samstundes skjedde det fleire ting som gjorde at kvinnedrakta ikkje vart gløymt, men tvert om fekk nytt liv og ei skikkeleg oppblomstring! På midten av 1800-talet fatta mange kunstnarar interesse for den mektige naturen og det frodige folkelivet på bygdene. Perioden fekk namnet nasjonalromantikken. Det mest kjente måleriet frå denne perioden er måla i 1848 av Tidemand og Gude og heiter "Brurefærden i Hardanger". Nasjonalromantikken gjorde sitt til at mange syns hardanger drakta var vakker.

Den viktigaste grunnen til at hardangerdrakta fekk nytt liv er det norskdomsrørsla som har æra for. På slutten av 1800-talet var Noreg i union med Sverige. Mange nordmenn ynskte at Noreg skulle verta ein sjølvstendig nasjon. Det vart arbeid på mange frontar, og særleg med å skapa ein norsk kulturell identitet. Norskdomsrørsla trengte eit kraftfullt symbol, og dei fann hardangerdrakta. Kvinner knytt til rørsla tok til å kle seg i hardangerdrakta ved festlege høve, og i tråd med det gamle norske språket vart drakta kalla kledebunad, eller berre bunad. Noreg vart sjølvstendig i 1905, og bruk av bunad vart veldig populært. Over heile landet tok folk til å sy seg hardangerbunad, eller noko som likna. Hardangerbunaden vart oppfatta som nasjonaldrakt. Ja lenge vart drakta berre kalla "nasjonalen". Og det å kle seg i bunad kunne heite å kle seg nasjonalt.

I utstillinga freisar me å syna ulike aspekt ved denne utviklinga, og syna draktmaterialet som ligg til grunn for folkedrakta og bunaden.

Flere bilder

  • Bunadutstillinga 2
  • Opplut og bringklut
  • Detalj bruredrakt med filert forkle
  • Detalj bukse
  • Vottar i nålebinding
  • Sjonaleister og krotaskor
  • knappestøvler til born
  • Detalj fangband
  • Detalj trøye
  • Detalj trøye
  • Forermer
  • Detalj opplut 1
  • Detalj opplut 2
  • Detalj opplut 3
  • Detalj opplut 4
  • Detalj opplut 5
  • Skjortesaum i smøyg
  • Detalj lue