Norsk English

Kulturminnedagen 2018

Hardanger folkemuseum, Utne

16.09.2018 13.00 til 17.00

16. september går Kulturminnedagen 2018 av stabelen i museumstunet! Mange kjekke aktivitetar for store og små!

Sundag 16.9 vert ein spanande dag på museet! Klokka 13 opnar me eit nytt hus i tunet -  husmannsplassen Skarebakken, som sto på Svartveit og no har kome opp i museumstunet. Styrar Agnete Sivertsen fortel om flyttinga, og professor emeritus Ståle Dyrvik frå Universitetet i Bergen (Institutt for arkeologi historie, kultur- og greliggionsveitenskap) held eit innlegg om husmannsvesnet.

Programmet oppe i tunet startar klokka 14. Her vert det mangge kjekke aktivitetar som du både kan sjå og delta i. Det vert mellom anna folkemusikk og folkedans, pressing av eple, kroting, spinning på rokk og handtein og plantefarging av ullgarn - og meire til!

Husflidslaget stillar med aktivitetar for born, og bygdekvinnelaget lagar og sel eplesmultringar.

Det vert sal av eldhuspizza, eplesaft og kaffi frå eldhuset.

Barnekaféen "Det gyldne eple" er og ope. Her styrer borna sjølve butikken med sal av eplemuffins og eplesaft.

Alt dette sundag 16. september 14 - 17.Velkomne!

Kaféen og utstillingane i museet er og ope frå 13-17.