Norsk English

Konsert på Skredhaugen 4/7-18. kl. 18

Skredhaugen

04.07.2018 18.00

Rannveig Djønne tek med seg Inger Elisabeth Aarvik og Silje Hveem og held konsert på vakre Skredhaugen.

Onsdag 4.7.18 kjem Rannveig Djønne til Skredhaugen med toraderen sin. Med seg har ho Inger Elisabeth Aarvik på orgel, og Silje Hveem på fløyter. Kom og høyr desse tre dyktige folkemusikarene spele på Skredhaugen. Rannveig skal og fortella litt om kulturskuleprosjektet Nøringen, eit undervisningstilbod om kulturarven vår for 4-6 åringar i Hardanger og Voss som haldast gjennom skuleåret 2018-19.