Norsk English

Opning 1000 Bringklutar

Hardanger folkemuseum, storsalen

06.05.2018 15.30

Sundag 6. mai kl 15.30 opnar utstillinga 1000 Bringklutar på Hardanger folkemuseum. Programmet inkluderer konsert med Knut Hamre, Berit Opheim og deltakarar frå Master Class Hardanger, samt opningstale ved Agnete Sivertsen, styrar på Hardanger folkemuseum.

Utstillinga 1000 bringklutar syner heile den store bringklutsamlinga på Hardanger folkemuseum. For første gong vert heile samlinga vist, saman med bringklutar frå Bu museum, Voss folkemuseum, Kvam bygdemuseum og Fonnelandsamlinga. Over 1000 bringklutar, ingen av dei heilt like, visar det fine arbeidet til våre formødrer, til glede og inspirasjon for alle som er glad i historie, handverk og handarbeid.

Konsert
Knut Hamre frå Granvin i Hardanger har sidan tidleg på 70-tallet markert seg som ein av våre aller fremste spelemenn. Han har vunne ein rekkje landskappleiker og turnert i inn- og utland, og er ein stilskapar som har inspirert mange framståande yngre utøvarar.

Berit Opheim er ein av våre fremste og viktigaste kvedarar. Stemma hennar har nærast ingen grenser, og Berit har dei siste åra drive med kunstnarisk verksemd på scener i Norge, Europa og Asia. Ho er medlem i fleire ensemble og ein etterspurt songar både innan folkemusikk, jazz og samtidsmusikk.

Både Berit og Knut har det siste året gitt undervisning i programmet Master Class Hardanger, og med på konserten er fleire av deltakarane herfrå.

Kafé
Kafeen på museet er open  frå kl 15 med sal av kaffi, heimebakst  og Hardangersider.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd