Norsk English

Konsert Berit Opheim og Knut Hamre

Hardanger folkemuseum, storsalen

06.05.2018 15.30

Under opninga av 1000 Bringklutar vert det konsert med Berit Opheim og Knut Hamre, sundag 6. mai kl 15.30 på Hardanger folkemuseum.

Knut Hamre frå Granvin i Hardanger har sidan tidleg på 70-tallet markert seg som ein av våre aller fremste spelemenn. Han har vunne ein rekkje landskappleiker og turnert i inn- og utland, og er ein stilskapar som har inspirert mange framståande yngre utøvarar.

Berit Opheim er ein av våre fremste og viktigaste kvedarar. Stemma hennar har nærast ingen grenser, og Berit har dei siste åra drive med kunstnarisk verksemd på scener i Norge, Europa og Asia. Ho er medlem i fleire ensemble og ein etterspurt songar både innan folkemusikk, jazz og samtidsmusikk.

Både Berit og Knut har det siste året gitt undervisning i programmet Master Class Hardanger, og med på konserten er fleire av deltakarane herfrå.

Kafé
Kafeen på museet er open  frå kl 15 med sal av kaffi, heimebakst  og Hardangersider.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd