Norsk English

Konsert Nils Økland med band

Hardanger folkemuseum, loftet

23.02.2018 19.30

Fredag 23. februar ynskjer Hardanger folkemuseum velkomen til konsert med Nils Økland og band. Konsertstart 19.30.

Nils Økland er ein av våre aller fremste musikarar og historiefortelljarar. Han har ei særeiga tone og formidlingsevne utanom det vanlege. På konserten har han fått med seg eit norsk stjerne-ensemble til eit sjangeroverskridande meistermøte. Det er usedvanleg vakker og velspelt musikk og det er 100% originalt.

Øklands siste album er tatt svært godt imot både i inn- og utland. Aftenposten lyfta albumet fram som eit av fjorårets ti beste, norske album uansett sjanger.

Nils Økland band består av:

Nils Økland: Div. Feler
Rolf Erik Nystrøm: Saksofoner
Sigbjørn Apeland: Trøorgel
Mats Eilertsen: Bass
Per Oddvar Johansen: Slagverk

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd