Norsk English

Konsert Johanne Flottorp og Stina Brandin

Hardanger folkemuseum, loftet

23.11.2018 19.30

Fredag 23. november kl 19.30 vert det konsert med hardingfelespelaren Johanne Flottorp frå Åmli og Stina Brandin frå Boda i Dalarna, Sverige. Dei har begge, på kvar sin kant, gjeve ut sine fyrste soloplater denne hausten, til svært gode mottakingar. Denne kvelden kan du oppleva begge musikarane på loftet på Hardanger folkemuseum!

Stina Brandin er ein felespelar frå Östra Boda i Dalarna. Ho har utdanning frå Kungliga musikhögskolan i Stockholm og Ole Bull Akademiet på Voss. Stina spelar i trioen "Norr om Stockholm" i tillegg til å vera aktiv som soloutøvar. Ho trakterar både fele og hardingfele og har motteke prisar og stipend for spelet sitt.

Stina slapp debutalbumet "Tacka fan för det" på plateselskapet Dimma Sweden sommaren 2018. Om plata seier ho sjølv:
"Jag vill spela in den skivan som jag själv mest av allt har lust att lyssna på. En hel skiva med bara bodapolska. På solofiol. Det är det jag allra helst lyssnar på. En fiol som spelar bodapolska."

Johanne Flottorp frå Åmli gjev i haust ut si første soloplate med slåttar frå heimtraktene og områda rundt. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull, og ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre. Johanne har utvikla ein personleg spelestil og ei eiga stemme i slåttespelet, og dette legg ho til grunn i alt ho gjer, samstundes som ho på best mogleg måte tek vare på det kjeldene og læremeistrane hennar har jobba fram i slåtteformene ho bruker.

I 2017 blei Johanne uteksaminert frå Noregs musikkhøgskule, der ho har konsentrert seg om spelet frå Tovdal, Setesdal og Vest-Telemark dei siste åra. Kort tid etter eksamen gjekk ho igang med å førebu plateinnspelinga, og i april 2018 var ho i Ormøy kirke saman med teknikar og produsent Niels Jørgen Røine og spelte inn favorittslåttane sine. Blant dei er alt frå velkjende setesdalsgangarar i nye former til ukjende teleslåttar som ikkje legg noko imellom.

Utanom å vere soloutøvar og A-klassing på hardingfele, gjer Johanne seg bemerka med fela i Oslos stadig veksande country/amerikana-miljø. Der spelar ho i banda The Northern Belle og Ruby Red & the Moonshine Brothers, som begge er aktuelle med nye utgjevingar høvesvis i 2018 og 2019. Johanne spelar også i trioen Raabygg, som konsentrerer seg om folkemusikk frå Agder.

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd