Norsk English

Jubileumskonsert med Hardanger Spelemannslag.

Hardanger folkemuseum, Utne

12.10.2018 19.30 til 22.30

Hardanger Spelemannslag fyller 70 år og inviterer til konsert og dans!

Hardanger Spelemannslag er eit av dei største spelemannsslag i landet. I 2018 fyllar dei 70 år og inviterer til jubileumskonsert med hardingfele, song, dans og toradar i Storsalen på Hardanger folkemuseum. Etter konserten vert det dans på loftet på museet til klokka 22.30.

Billettar (konsert og dans): 300 kroner.
Selgast i resepsjonen.

Desse deltek i konserten:
 
Hardingfele:
Alexander Aga Røynstrand - solo/samspel/dansespel
Eirin Tjoflot - solo/samspel/dansespel
Bjørner Hamre - solo/samspel/dansespel
Jonas Laupsa - solo/samspel/dansespel
Erik Mjelde - samspel/dansespel
Eirik Mjelde - samspel/dansespel
Arne Jordan - samspel/dansespel
Svein Kjerland - samspel/dansespel
Sondre Bratland - samspel/dansespel
Martin Grasdal - samspel/dansespel
Oda Kristin Tjoflot - samspel/dansespel
Johanna Mjeldhein - samspel/dansespel
Anders Prestgård - samspel/dansespel
Steffen Eide - samspel/dansespel
Juniorgruppe som undervises av Anders Prestgård og Johanna Mjeldheim - samspel/dansespel
Ingeleiv Kjerland Kvarmen - samspel/dansespel
 
Polka med støyt - samspel/dansespel
Siri Dyrvik - samspel/dansespel
 
Konferansier/Komp:
Magne Velure - samspel/dansespel
 
Torader:
Ole Gjerde - solo/samspel
Rannveig Djønne - solo/samspel
Anita Bråvoll - samspel
 
Song:
Guttorm Rogdaberg - solo
Eli Børsheim - solo
 
Dans:
Edvard Kvalvik
Arne Kvalnes
Ida Urheim
Per Øyvind Tveiten
Anne Marie Øydvin
Eirin Tjoflot

Om historia til Hardanger Spelemannslag:
Sundag 26.9 1948 møttest omlag 20 menn og kvinner på Mass Hus sitt pensjonat i Kinsarvik. Føremålet med møtet var å skipa til eit spelemannslag i Hardanger. Initiativtakarar var Anders Kjerland frå Granvin og Jon Velure frå Lofthus. Johannes Kvestad skrev om skipingsmøtet i sogeskriftet som vart gjeve ut i høve lagets 25-årsjubileum: " Møtet vedtok samrøystes å skipa Hardanger Spelemannslag, og at laget skulle vera med i Landslaget for Spelemenn (idag kalla FolkOrg). Møtet valde eit styre for laget, og arbeidet med å laga lover for laget vart sett i gang med sikte på at dei skulle vedtekast på det fyrste vanlege årsmøtet."