Norsk English

Utstillingsopning: Aase Texmon Rygh. Evighetens form

Hardanger folkemuseum, storsalen

24.09.2017 18:30

Sundag 24. september kl 17.30 opnar utstillinga Aase Texmon Rygh. Evighetens form på Hardanger folkemuseum. Utstillinga viser Texmon Ryghs hovudverk: dei såkalla møbiusskulpturane. På opningsdagen vert det performance og samtale med kunstnarane Jennie Hagevik Bringaker og Erlend Hogstad.

Texmon Rygh oppdaga det matematiske møbiusprinsippet i det tekniske museet i Paris på 80-talet. Eit band vridd 180 grader før endane festast, som gjer ei form utan framside eller bakside, innside eller utside, start eller slutt. Texmon Rygh har skapt fem variasjonar over dette prinsippet: rund, ståande, liggjande, dobbel og trippel, i fleire ulike materialar. I denne utstillinga får me oppleva alle fem i steinen diabas.

Aase Texmon Rygh (f.1925-) er opptatt av kroppens forståing av den tredimensjonale kunsten og oppleving av materiale. Skulpturane kan best erfarast gjennom å la handa fylgje den fysiske overflata. For fyrste gong i museumssamanheng vil no publikum få moglegheit til det!

Texmon Rygh var berre 27 år då ho som den første norske kunstnaren stilte ut skulpturar i eit abstrakt formspråk. Til tross for god kritikk har ikkje verka hennar fått den merksemda dei fortener. Men i 2014 viste Nasjonalmuseet, Museet for samtidskunst, i Oslo ei stor separatutstilling med Texmon Rygh sine skulpturar som vart ein stor suksess. Eit utval av desse verka er med i denne påkosta vandreutstillinga som går til utvalde museum og galleri rundt om i landet. Hardanger folkemuseum er einaste visningsstad i Hordaland.

Besøk utstillinga
Under heile visningsperioden kan grupper, lag, foreiningar og bedrifter koma å sjå utstillinga på dagtid eller kveldstid. Saman med formidlar Johild Meland får dei omvising i utstillinga og vera med på workshop/aktivitetar knytt til utstillinga. Også skuleklassar og barnehagar er invitert på besøk.

Filer