Norsk English

Bakedagar kvar tysdag i juli

Museumstunet på Utne

04.07.2017 12:00 til 08.08.2017 15:00

Kvar tysdag frå 2. juli til 8. august kl 12 - 15 fyrar me opp i omnen i eldhuset. Den gode duften av nysteikte krotakaker sprer seg i tunet, medan bakstekonene kjevlar, krotar og steiker.

Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær. Nytast turre med smør, eller bløytte med t.d. smør og prim.

Kvar tysdag i juli, og dei to fyrste tysdagane i august, er det høve å smaka dei populære kakene. Ein kan og kjøpa med seg kaker heim.