Norsk English

Sesongopning på Skredhaugen

Skredhaugen, Lofthus

25.06.2017 14:00

Sundag 25. juni kl 14 kan du bli med på sesongopning på Skredhaugen. Det vert konsert med gruppa Felefylje og ny utstilling om fotograf Anders P. Wallevik. 

Den kjende fotografen Anders Paulson Wallevik etterlot seg ei unik fotosamling. Nokre av bileta hans er utstilt på Skredhaugen i sommar. 

Felefylje består av Marta Lindvik, hardingfele, dans og song,
Amalie Kinsarvik Tvilde: toradar, dans og gitar, samt Åshild S. Ljones, song og dans.

Konsertane på Skredhaugen vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd