Norsk English

Sesongopning 2017!

Hardanger folkemuseum, Utne

07.05.2017 16:30

Årets sommarutstilling er ved Karen Bit Vejle - ei av verdas fremste psaligrafar, papirklipparar. På opninga sundag 7. mai kl 16.30 kjem ho sjølv for å fortelje om dei unike arbeida sine. Dessutan vert det underhalding med Torkjell Lunde Børsheim og Aleksander Aga Røynstrand. 

Alle har sikkert prøvd å klippa snøkrystallar ein gong. Psaligraf Karen Bit Vejle har tatt denne kunsten lengre enn nokon andre, og no har du høve å sjå dei fantastiske verka hennar i storsalen på Hardanger folkemuseum. Bit har klippa i papir heile livet, men arbeida hennar låg lenge gjemt under golvteppet heime i stova, til dei vart "oppdaga" i 2007. Bit opna si fyrste utstilling ved Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim i 2008, og i sidan har verka vore vist i Skandinavia og heile vegen til USA, England og Kina.

Klippeverkstad
No kan du og prøva deg som papirkunstnar! I samband med utstillinga Med saksen som pensel er det ope klippeverkstad for små og store kvar dag i opningstida. Lat deg inspirera av Bit sine fantastiske klipp og prøv deg på eiga hand.

Slow art
I motsetning til mykje anna i verda i dag, er psaligrafi ein langsam kunst. Det tek tid å meistra, planleggja og utføra denne kunsten. Verka er laga av eit stort, samanhengjande stykke papir og klippa med berre ei lita saks. Både det visuelle uttrykket og den lange tida det tek å fullføra eit verk gjev assosiasjonar til hardangersaum. Kunsten psaligrafi har utvikla seg i heile verden, men er spesielt kjend i kinesiske og asiatiske kulturar, og også i Bits heimland Danmark.

Dans og spel                                                                                       Den røynde dansaren Torkjell Lunde Børsheim og spelemann Aleksander Aga Røysntrand står for underhaldinga under opninga. Verka til Bit Vejle har ofte eit  levande utrykk  der både dans og muskk er mykje tilstades. . Me er difor glade for å presentere nokre av dei fremste utøvarane me har innan tradisjonsfeltet til denne utstillinga.  

Kafeen på museet er open  frå kl 15 me d sal av  kaffi, heimebakst  og Hardangersider.