Norsk English

Kurs i skautfelling

Hardanger folkemuseum

11.03.2017 09:30 til 19.03.2017 17:00

Hardanger folkemuseum, Folgefonn husflidslag og Bu og Ringøy bygdekvinnelag arrangerer to helgekurs i skautfelling, begge i mars 2017.

Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger nytta felte/plisserte skaut som ein del av den lokale draktskikken. Teknikken med å fella skauta har alltid vore spesialistarbeid, og få har meistra det til fulle. No har du høve å læra deg dette raudlista handverket. Hardanger folkemuseum, Folgefonn husflidslag og Bu og Ringøy bygdekvinnelag arrangerer to helgekurs i skautfelling, begge i mars 2017. Dette vert starten på å skapa eit miljø for skautfelling, der ein og kan få oppfylging i etterkant av kursa.

Å fella skaut gjer ein ved å smørja eit kvadratisk tøystykke inn med risstivelse. Ein legg skautet på eit fellebrett og nyttar to tynne spilar til å laga dei om lag to hundre faldane i stoffet. Sidan turkar ein skautet i ein omn. På kursa går me gjennom heile prosessen frå tillaging av stivelse til turking i omn. Me ser og på dokumentasjon av skautfelling, og har omvising i utstilling og magasin.

Om kursa
Kursa går 11. - 12. mars og 18. - 19. mars 2017. Påmelding innan 15. februar 2017 på post@hvm.museum.no eller på tlf 47 47 98 84

Det er plass til 10 deltakarar på kvart kurs.

Kursavgift 2.500,- inkluderar kurs to dagar, lunsj og kursmateriell. 

Overnatting kan t.d. tingast hjå HardingarT på tlf: 41 45 96 66
http://www.hardingart.net/

Museet har material, fellebrett og spilar til sals. Viss ein ynsker å få    fellebrettet med seg rett etter kurset må ein tinga på førehand.

Filer