Norsk English

Konsert Susanne Lundeng

Hardanger folkemuseum, Storsalen

18.03.2017 17:30

Susanne Lundeng er tilbake på konsertscena på Hardanger folkemuseum med framsyninga Nesten ikke helt som før. Dette skjer laurdag 18. mars kl 17.30.

I soloframsyninga Nesten ikke helt som før fortel, dansar og spelar Susanne Lundeng ut sin kjærleik til ein nordnorsk folkemusikktradisjon ho kanskje delvis har funne på sjølv. Til tider kan det kjennast som eit åk. Andre gonger er det det viktigaste i verda. Reisa ho har hatt frå folkedansar via spelekvinne til konsert- og plateartist har gjort at ho stadig har måtta finna opp sitt forhold til tradisjonen på nytt, ein tradisjon som har oppstått og vorte dyrka på heilt andre måtar i nord enn sør i landet. Musikken vart utvekslet der det har vore folk - på fiske, på marknad og på handelsreiser.

Kampen for å knyta seg til denne musikktradisjonen og til publikum har paradoksalt nok til tide vore ganske einsam. Då trøystar ho seg med gamle slåttar og minne etter dei ho lærde slåttane av. Dette one-woman-showet svingar mellom avslørande sjølvironi og brådjupt alvor. Det er ei fortjelling om ein folkemusikksamlar drevet av nordlandsk nasjonsbygging, men og om ein moderne artist som bygger si personlege stemme.

Susanne Lundeng - fele
Aslak Moe - regi og dramaturgi
Gull Øzger - koreografi
Ida Andersson - lysdesign
Fritjof Lindemann - lyddesign

Nesten ikke helt som før er ein samproduksjon mellom Riksscenen og  Førdefestivalen.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd