Norsk English

Draktregistrering

Hardanger folkemuseum, loftet

13.03.2017 09:30 til 17.03.2017 21:00

I samarbeid med Hardanger folkemuseum startar Norsk institutt for bunad og folkedrakt opp med draktregistreringar i Hardanger. Me ynskjer å koma i kontakt med alle som har draktdelar i privat eige.

Hardanger har rike folkedrakttradisjonar, og mange har gamle bunadsdeler liggande heime. Nokre draktdeler er framleis i bruk, medan andre er klenodia ein gøymer på kistebotn. Når draktdelane vert registrert vert dei tekne bilete av, og opplysningar om plagget vert notert. Ofte kan det vera spennande historier knytt til dei ulike plagga. Bileta og opplysningane vert samla, og kan verta søkbare på nett. Slik får me utvida kunnskapen om de tradisjonelle kleda i Hardanger, noko som vil vert til god hjelp for alle som ynskjer å vidareføra bunadstradisjonane.

Det er gjort nokre få registreringar av draktdelar i privat eige, inkludert ei stor registrering av bringklutar på nittitalet. Likevel står mykje att. Det er difor svært gledeleg at Norsk institutt for bunad og folkedrakt no kjem til Hardanger.

Når
Registreringsarbeidet startar opp no i 2017, men kjem truleg til å gå føre seg ei veke i året kvart år i fleire år framover. I 2017 vert det registreringar i veke 11, frå måndag 13. mars til fredag 17. mars, frå ni om morgonen til ni om kvelden.

Kvar
Registreringane vert gjort på Hardanger folkemuseum på Utne. Det kan og vera aktuelt å reisa ut i andre kommunar å treffast der. Viss ein har mykje materiale heime kan det vera aktuelt å koma heim å gjera registreingane der.

Kven
Alle som har draktdelar er hjarteleg velkomne til å få registrert desse.

Korleis
Ta kontakt med Hardanger folkemuseum på tlf: 47479884, eller send e-post til post@hvm.museum.no innan 20. februar 2017. Du vil då få ein avtale om kva dag og klokkeslett du kan koma til museet og kva du skal ta med deg. Me held ope i kafeen, slik at ein kan få ein hyggeleg bunadsprat med naboen medan ein ventar.

Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål:
Agnete Sivertsen     tlf: 959 34 698
Monica Tveit        tlf: 984 10 883
Torill Måkestad    tlf: 456 62 310